I dag har vi planta ut sommerblomstene som stod igjen i kjøkkenglaset. Så no har dei plantene vi hadde sådd inne kome ut. Då blir det spennande å sjå om vi får dei til å vekse der ute og i tilfelle korleis dei blir.
Vi planta dei ved sidan av stauda i bedet bak steinen i hagen. Der gravla vi hunden vår i vinter, til stor sorg for alle i familien. Så da er det litt koselig å prøve å lage det litt fint der med sommerblomster.
I år sådde vi nokon av frøa i ein lysestake.
Bak huset har vi bygd opp ein mur mot skråningen til vegen. Bak muren er det eit stykke fram til vegen. Bakerst er det planta hekkeplanter som etterkvart vil skygge for innsikten til dei som kjøyrer forbi. Framfor hekkeplantene er det no lagt duk med bark over. Der vil vi etterkvart plante ulike typer stauder. Vi trur det blir koselgi med litt farger der, som vi kan sjå på når vi sit på verandaen.
Denne stauda kjøpte vår 10 år gamle dotter til oss :-)
Dette er "Månedsjordbær". Dei skal bli litt større enn markjordbær.