søndag 14. oktober 2012

Tulipan- og krokusløk

I dag har eg sett løker i firkantane i den nye verandaen ved gårdsplassen, etter at eg drog opp sommarblomane som var der, og fylte på litt ekstra jord.
I følge pakningane skal krokusen kome opp i mars og tulipanane i april. Men det kjem vel og an på kor tidleg våren kjem til oss neste år. Det er fyrste gongen eg har sett ned blomsterløk, så det blir spennande å sjå korleis resultatet blir.
Slik ser hola på verandaen ut no.

I holet med hengeselja sette eg 10 krokusløkar.

I det andre holet sette eg 20 tulipanløkar i to ulike fargar.

No er løkane dytta ned i jorda.