No har fleire av frøa eg sådde vorte så store at eg har begynt prikle dei ut i egne potter. Skikkelig kosearbeid. Bruker mjølkekartonger, yoghurtbeger og plastbeger. Verktøy er gaffel for å få plantene ifrå kvarandre og ein blyant til å lage hol i jorda i den nye potta. Har lest at dei egentlig skal ha drenering, men det har ikkje eg. Skal no stå lyst og ikkje så varmt, slik at dei ikkje veks seg for lange, tynne og skjøre. Eg har då berre soverommsvinduet som er litt kaldare enn resten av huset. Har ikkje noko ekstra-lys så dei må stå i ein vinduskarm. Har ikkje plass til alle på soverommet, så etter kvart må nok nokon av plantene stå i karmen på kjøkkenet.