søndag 25. mai 2014

Første sjølvsådde blomsten blomstrer

Petunia merlin pink

Planting langs garageveggen og på grava til Laika

Eg har no planta ut nesten alle plantene mine som eg har sådd sjølv. Dei er plassert i bedet langs verandaveggen og på grava til Laika.

Her er boksene med planter plassert rundt før dei blir planta.





No er alle plantene komne ned i jorda.







Slik er det planta i bedet til Laika.

mandag 19. mai 2014

Brudespireaen og hekken (junisøtmispel) blomstrer


Brudespirea-hekk langs garageveggen.

Brudespirea i bedet bak huset

Junisøtmispel-hekken

Aurikkel blomstrer


Fekk denne stauden av svigerforeldrene sin hage i fjor, men har ikkje sett korleis den ser ut før no.
Og den var kjempefin.


Planting i krukker og hol i verandaen

No har eg planta ut nokon av dei sjølvsådde plantene i krukker og det eine holet i verandaen.


Den store krukka med petunia merlin pink

Den innerste lille krukka med den rosa typen zinnia

Den ytterste minste krukka med ein mindre tupe asters som ikkje blir så høg.

I holet planta eg to asters som skal bli høge bakerst. Foran i to rekker er det zinniz, den kvite med litt rosa i midten. Fremst er det middagsblomst.

tirsdag 13. mai 2014

Har sett det meste av planter ut



På lørdag sette eg det meste av planter ut. Iallefall alle dei som vart sådd først.
Men sidan det har vore kaldare enn 10 grader om nettene, så har eg sett dei inn då. Og frå i dag bruker vi garagen om natta så dei står litt kjøligare.

fredag 9. mai 2014

Fullt i glaskarmen

No er det så fullt i glaskarmen med planter, og nokon har vorte ganske store. Venter berre på litt mildare ver enn det har vore i det siste, slik at eg kan sette dei ut for herding. Leste at første herdeuka bør dei ikkje stå ute kaldare enn 10 grader. Og i skyggen den første uka, slik at dei får danna "solkrem". Andre uka bør det ikkje vere kaldere enn 5 grader.


søndag 4. mai 2014

Ganske fullt i vinduskarmen

No har eg prikla ut det meste av det eg sådde (+at eg har sådd litt nytt), og det vart ganske mange planter. Egentlig skal plantene stå kjøligere og lyst etter spiring, slik at dei ikkje blir lange og puslete planter. Men eg har igrunnen ingen sånn plass tilgjengeleg. Så da står mange av plantene i vinduskarmen på soverommet, siden det er litt kjøligere der enn i resten av huset. Men det meste står likevel fortsatt i det varme kjøkkenglaset.





Har lest litt om topping av planter for å gjere dei krafigare og få fleire skudd på dei.Og dermed fleire blomster. Men er fortsatt usikker på kva for planter eg skal toppe. Har prøvd på nokon få og så får eg sjå resultatet. Då veit eg det kanskje bedre til neste år kven eg skal topp og korleis.

No er det litt varmare ute om dagen (varmare enn 5 minst), men om natta er det fortsatt kaldt. Mannen kjøpte minidrivhus til meg, men eg har ikkje flytta nokon av plantene ut dit endå. Vil vente til det blir litt varmare om dagen, og om natta. Kan jo ta dei inn om natta, men likevel.