torsdag 24. juli 2014

Hagebilder før vi reiser på ferietur i morgo

Sommerblomstene som vi kjøpte i vår blomstrer kjempefint no.




Hagepoppelrosen blomstrer fint no.


Kalifornina valmue

Blåvinda



onsdag 23. juli 2014

Middagsblomsten blomstrer fint no

Middagsblomsten blomstrer så fint no på grava til Laika og i bedet langs garageveggen.






Blåvinda blomstrer og fint, men vart litt "villare" enn eg trudde den skulle bli.

tirsdag 22. juli 2014

Sommerblomstene blomstrer i krukker og i hola på veranaen.D

Etter ca. ei uke på ferie er det morro å komme heim til hagen der sommerblomstene som eg sådde inne i vinter/vår no blomstrer fint i hola og krukkene på verandaen.

Dei kvite blomstene i hola er Zinnia Marylandica "zahara starlight rose"

Zinnia Marylandica "zahara coral rose"

Sommerasters "Starlight"

Petunia F1 "Merlin Pink Morn"

Sommerasters "Pavlova Salmon Rose"

onsdag 9. juli 2014

Meir blomstring i garagebedet


Cosmos (Rosenkæra "Candy stripe")

Kaliforniavalmuen har fått masse fine blomstrer. Trur dette er ein av sommerens favoritt. (Sømntuta "eschscholzia californica)

onsdag 2. juli 2014

Valmuen og Kaliforniavalmuen blomstrer

Nokon av blomstene i garageveggen blomstrer fint no. Den raude og kvite valmuen vart mykje høgare og større enn eg trudde, men var kjempefin. Litt kjedelig at kvar blomst blomstrer så kort tid. Når eg står opp om morgonen og skal på jobb har ein blomst gjerne opna seg i løpet av natta. Når eg kjem heim har kanskje kronblada på blomsten allerede detti av.

Valmue


Valmuen er som ein ser stor med masse blad. Så skulle jo ha planta den bakerst i bedet med større plass rundt seg. 
Californiavalmuen blomstrer flott med kjempefin farge. Lokker seg litt om natta og opner seg heilt når det er sol.

tirsdag 1. juli 2014

Sommerblomstrerne på verandaen - slik dei er no

Hengepetuniaen ved vaskerommsinngangen.

Zinnia og petuniaen som er sjølvsådd blomstrer. Den låge astersen foran blomstrer ikkje endå.

Slik ser dei to hola ut no.

Første peonen blomstrer

I fjor fekk vi 2 peoner av farmor og farfar, som  vi planta i øverste hjørnet i staudebedet.
I år har det blomstra ein blomst på den eine planta. Ein kjempefin blomst!




Det er og andre stauder i nærheten av peonen som blomstrer no:
Staudekokarden som vi kjøpte i vår blomstrer kjempefint no.

Prydsvinerot og skogskjegg i bakgrunnen.