fredag 31. oktober 2014

Sommer møter vinter

I dag kom det litt snø. Og det vart så fint på rosebusken som står i verandaholet.


mandag 20. oktober 2014

Røsebusken blomstrer endå

Sjølv om det er langt ut i oktober så blomstrer rosebusken i holet i verandaen endå. Det har vore ein mild haust så det er nok sikker difor.


søndag 12. oktober 2014

Paprikaene er hausta

Det vart masse paprika på plantene til Christer og Elias. No er dei hausta før frosten. Nokon får vere pynt på kjøkkenbordet.


Vi nyt siste rest av sommerblomster frå hagen inne

No er det seint på haust. Men likevel blomstrer blomstene som er i holet sammen med rosebusken. I staden for å vente på frosten, har eg heller tatt inn det som er igjen for å nyte det inne. Christer har jo og bursdag i dag, så då er det fint å pynte med blomster.





lørdag 4. oktober 2014

Haustfarger på hekken og kattosten blomstrer som berre det

Det er så fine haustfarger på hekken no.




Vi fekk 3 kattost-planter fra svigerforeldrene for 2-3 år siden då vi planta her. Der dei vart planta har det ikkje kommi opp noko særlig nye planter. Men dei har spredd seg veldig i området rundt i barken. Eg har ikkje dradd dei opp fordi dei er jo så fine. Så får eg håpe eg klarer å passe på at det ikkje sprer seg uten kontroll til slutt :-)